Egne aktiviteter

 

 

Medlemstreff på Urke campinghttp://www.nocc.no/lokal/sunnmore/Sider/Medlemstreff-på-Urke-camping.aspxMedlemstreff på Urke camping24.08.2018 10:00:00

NBCC Aktiviteter

 

Medlemstreff på Urke camping

​​

Urke i Hjørundfjord

NBCC sitt treff vert 24-26 august .

Dette skal verte spanande, for her har ikkje NBCC arrangert treff før. Campingplassen er ikkje så stor, men  treng ein  ikkje straum ,kan det verte plass til mange. Vi kan også bruke området rundt Grendahuset til «Campingplass» Her er det også WC og straum. Det skal bli plass til  alle.

Fredag 24.08. kjem medlemmane ulikt. Vi har avtale med «Kaihuset» om at det er ope. Her kan ein få kjøpe øl og vin. Er veret fint, er det fint å sitje på ute på kaia ,men det går også å sitje inne. Dette vil vere ei spesiell oppleving ,som vi anbefaler .Laurdag stengjer «Kaihuset» tidlig.

Laurdag 25.08. anbefaler vi: Tur til sætra, Tur på Saksa ,Tur til Gapahuken, Sykkeltur eller ein tur innom  Union Hotell på Øye.

Vi  har planlagt rebusløp (postar med spørsmål). Tidspunkt avgjer veret, men det vert plass til ein tur fyrst på dag.

GRILLING MÅ VI FÅ PLASS TIL HER.

Vi samlast på Grendahuset om kvelden. Der vert det innføring i livet på Urke / Norangsfjorden  før og no, Qvis m.m.

Påmelding til Frode Fladmark:  telefon 917 95 913 e-post: f-paaf@online.no

 Eit døgn kr. 250 kr. med straum og kr.200 utan straum.

Påmeldingsfrist:20.august.


Facebook​

 

Annonser