Egne aktiviteter

 

 

NBCC Aktiviteter

 

Retningslinjer caravantreff

Retningslinjer for treff arrangert av NBCC avd. Sogn og Fjordane.

SAMANSETTING OG VAL

Treffkomiteen skal bestå av 4 par som er medlem av NBCC avd. Sogn og Fjordane. 3 par vert valt på årsmøtet etter framlegg frå valkomiteen for 1 år. Eit medlem vert vald av styret blant styre sine medlemmar og skal vere leiar av treffkomiteen. Treffkomiteen rapportera direkte til styret.

TIDSPUNKT FOR TREFFA OG KUNNGJERING

Pinsehelga vert brukt til Regiontreff, som er eit samarbeidstreff i Region 7 (NBCC avd. Sogn og Fjordane og NBCC avd. Bergen og Hordaland) Styra i dei to avdelingane har ansvar for treff og avvikling.

NBCC avd. Sogn og Fjordane arrangerar eit treff pr. år og dette vert arrangert i perioden 1. august til 15. september. Medlemmane kan sende inn forslag om treffstad med grunngjeving til styret. Treffkomiteen bestemmer endeleg treffstad for hausttreffet og gjev styret melding om dette innan 1. juni. Styret ordnar med utsending av informasjon/invitasjon om treffet etter å ha motteke opplysningane frå treffkomiteen sin leiar.

AKTIVITET PÅ TREFFA

Treffkomiteen står fritt til å bestemme aktivitetane innafor følgjande retningslinjer: Treffa skal ha eit lotteri med gevinstar som ein bør prøve å få frå næringslivet. Namnet på gevinstgjevar skal opplysast under trekkinga. Det skal arrangerast dans ein kveld pr. treff og avdelinga sitt musikkanlegg bør brukast til dansemusikk. Andre aktivitetar skal vere tilpassa alle aldersgrupper (barn, ungdom og vaksne) Medlemmane vert informert om treffprogrammet ved innkøyring.

ØKONOMI

Treffavgifta er fastsett av styret og er for tida kr. 50,- pr. vogn/bubil. Treffkomiteen sine medlemmar betalar ikkje treffavgift. Treffkomiteen skal etter årsmøtevedtak 7. februar 2004, få dekka alle sine utgifter. Det være seg ferjebilettar, bompengar, telefon- og portoutgifter.

Inntekta på treffa skal dekke alle utgifter og eventuelt overskot skal setjast inn på NBCC avd. Sogn og Fjordane sin bankkonto omgåande. På første styremøte etter treffet skal leiar av treffkomiteen levere eit enkelt rekneskap med billag til kasserar. Aktivitetar som bind NBCC avd. Sogn og Fjordane økonomisk, skal på førehand vere godkjend av styret.

INFORMASJONSPLIKT

Styret og treffkomiteen skal halde kvarandre gjensidig informert.

ENDRING AV DESSE REGLAR

Desse reglane gjeld inntil dei blir endra av årsmøte i NBCC avd. Sogn og Fjordane


 

Annonser