Egne aktiviteter

 

 

Styremøte 3-2016http://www.nocc.no/lokal/sognogfjordane/Sider/Styremote_1.aspxStyremøte 3-201621.04.2016 16:30:00

NBCC Aktiviteter

 

Om AVD. S&F

Sogn og Fjordane NBCC 30 år

av Arvid Kjøsnes

NBCC 30 år.png

NCC avdeling Sogn og Fjordane

Avdelinga vart stifta tysdag den 4. mars 1986. Første caravantreffet i fylket vart arrangert på Lovik camping 6. til 8. juni 1986.

I 1990 starta NCC med Regionar og vår avdeling høyrde til Region Møre/Romsdal - Sogn/Fjordane og vår leiar Alf Rogne var regionleiar i 1991 og 1992.

I 1993 vart det halde eit medlemsmøte i Førde med ca. 40 deltakande og avdelinga vart kåra til beste avdeling i landet når det gjaldt merkekøyring.

I 1996 hadde avdelinga medlemsmøte med innlagd brannøving og brannmeister Leif Otto Olsen, Førde kommune, leda både den teoretiske og praktiske delen.

Erik Kvamme var ein aktiv pådrivar for å starte avdeling i vårt fylke, dette viser brev frå han, datert 27. mars 1980. Fleire brev vert sendt til NCCL. NCC har sidan starten lagt opp til felles aktivitetar for å samle familien og lage til aktivitetar for barn og ungdom.

1986 til 2011 Etter som det ser ut frå det arkivet som er samla i avdelinga, vart tanken om eigen avdeling tenkt allereie sommaren/ hausten 1982.

Erik Kvamme var ein aktiv pådrivar for å starte avdeling i vårt fylke, dette viser brev frå han, datert 27. mars 1980. Fleire brev vert sendt til NCCL.

07.03.1986 var det møte i arbeidsutvalet i NCCL, der det vart vedteke å starte avdleing Fjordane. 07. 04 vart det halde konstituerande styremøte, der Kvamme vart valt til nestformann. Søknad om opptak i NCCL var no klar, og vart sendt 15.april 1986. Den 4.mars 1986 vart det halde skipingsmøte på Sunnfjord Hotell, Førde der 24 interesserte møtte opp. Her vart det vedteke at avdelinga skulle heite Norsk Caravan Club avd. Sogn og Fjordane.

Styret i klubben i 1986: 

Atle Lien, Naustdal Formann
Erik Kvamme, Førde Sekretær
Arne Ramstad, Førde Kasserar
Kirsti Schau Johansen, Kyrkjebø Styremedlem
Alf Rogn, Svelgen Styremedlem

I etableringsåret var styret blant anna opptatt av å legge til rette for eigen campingplass og ulike alternativ vart forsøkt, blant anna i Blomlia i Førde og Stavang området. 

Utviklinga i avdelinga:

Det første ordinære årsmøte vart halde på Sunnfjord Hotell 12. februar 1987, 21 medlemmar møtte. Formannen i valnemnda, Arvid Kjøsnes.

I løpet av året vart det kjøpt inn øvingsvogn, skrivemaskin og eit avdelingsflagg. Det vart avvikla 2 treff, eit i pinsa med 54 ekvipasjar, og eit 4.-6. sept. med 29 ekvipasjer.

På årsmøte 4. feb. 1989 vart det vedteke å danne teknisk utval, og dermed måtte styret utvide frå 5 til 7 medlemmar fordi leiarane i utvala skal sitje i styret.

"Gjensidigepokalen" vart ein premie som 10 stk. køyrde om, den "Beste caravankjører i Sogn og Fjordane" vart kåra. Det første medlemsmøte vart halde i ??? 

Merkekøyringa var lagt til treffa, og dette skapte diskusjon på årsmøte i 1990, Medlemsbladet vårt, "Kuletrykket" fekk sitt namn. På årsmøte 17.2.1990 vart Riddarkollegiet "Det Edle Drag" oppretta. 2 medlemsmøter vart halde, eit på Hauglandssenteret og eit på Årdalstangen.

I 1991 vart det avvikla NM i Caramba på Sandane. 49 møtte på årsmøte som var lagt til Vadheim. Dette året starta NCC med Regionar og vår avdeling høyrde til ??? På årsmøte på Skei i 1993 vart det leiarskifte: Jan Larsen tok over som leiar. Det første køyreopplæringskurset vart halde i lag med AOF, 8 deltakarar.
I 1993 vart det halde eit medlemsmøte i Førde med ca. 40 deltakande. NCC avdeling Sogn og Fjordane vert kåra til beste avdeling i landet når det gjaldt merkekjøring.

Årsmøte 1995 sine vedtak: Vårtreffet skal vera i Pinshelga. Haust-treffet skal vera siste helga i august. Fire tekniske kontrollar dette året. Eit køyrekurs vart avvikla.

Årsmøtevedtak 1996, om "treffsaka" frå 1994 oppheva, nytt vedtak: Treffkomiteen planlegg sjølv kvar treffa skal vera. Treffavgift kr. 50,- pr. vogn skal innkrevjast Jon Inge Iversen vert valt til Regionleiar for eit år i 1997. Normal deltaking på treffa, ca. 35-40 einingar pr. treff.

På årsmøte 2001 gjekk Jan Larsen av etter 8 år som leiar, og Per Arvid Stølen overtek som leiar. I løpet av dei første 15 åra har: 350 personar teke gull, sølv eller bronse. Skifte av region frå region 6 til region 7, var oppe som sak på årsmøte på Sognefjord Hotell, Hermansverk 2003 og det vart gjort samrøystes vedtak om å utsette dette.

Landsmøte 2002 vart avvikla på Gardemoen, Per Arvid Stølen og Marit Veberg Ask møtte frå vår avdeling.

I 2006 var avdelinga 20 år og dette vart markert med eigen jubileumsfest. I tillegg hadde avdelinga tekniske kontrollar, øvelse/merkekøyring, Bil- og caravanmesse. Merke og pokalkøyring i NCC avd. Sogn og Fjordane gjekk av stabelen på Sandane, laurdag 19. august og 5 sjåførar som fullførte merkekøyring.

NCC har sidan starten lagt opp til felles aktivitetar for å samle familien og lage til aktivitetar for barn og ungdom.

NCC avdeling Sogn og Fjordane er i dag den 8. største avdelinga av NCC's 67 avdelingar. Avdelinga hadde 91 medlemmar når startåret 1986 var omme.


 

Annonser

 

 

MiniKuletrykket_2016_1http://www.nocc.no/lokal/sognogfjordane/Documents/Kuletrykket/MiniKuletrykket_2016_1.pdfMiniKuletrykket_2016_1
Kuletrykket_2015_2http://www.nocc.no/lokal/sognogfjordane/Sider/Kuletrykk-Arkiv.aspxKuletrykket_2015_2