Egne aktiviteter

 

 

NBCC Aktiviteter

 

Gje din Grasrotandel til NBCC

Grasrotandel1_.png

Sidan Norsk Tipping blei etablert har heile overskotet gått til samfunnsnyttige formål. Grasrotandelen gjev deg som spelar moglegheit til å være med å bestemme kva noko av overskotet skal gå til. Du kan no velgje kva lag eller foreining som får sju prosent av din speleinnsats. Det vil sei at dersom du spelar Lotto for hundre kroner, går sju kroner til din grasrotmottakar. Best av alt; din innsats, premie eller vinnarsjanse vert ikkje redusert

Ved spel på Multix, Instaspill og Oddsen er Grasrotandelen 14 prosent av speleinnsatsen etter fråtrekk for gevinstar. Dette vert berekna kva dag, og vert fordelt til spelarane sin grasrotmottakar.

Spela fysiske Flaxlodd og Belago er ikkje omfatta av Grasrotandelen. Flax vert spelt uregistrert og på Belago vert overskotet fordelt via dei lokale bingohallene. 

Du kan bytte din grasrotmottakar når du måtte ynskje og så ofte du vil. Den nye grasrotmottakaren får grasrotmidlar frå det tidspunktet du endrar.

Norsk Bobil og Caravan Club (NBCC) avd. Sogn og Fjordane er no godkjend Grasrotmottakar. Du kan ordne kven som skal få din grasrotandel på mobilen/PC eller hos din kommisjonær. Pengane som kjem inn på denne måten går direkte til drift av vår avdeling og dermed rett tilbake til deg/oss som medlemmar. Under finn du namn og organisasjonsnummer til NBCC avd. Sogn og Fjordane.

 Grasrotandel_S-og-Fj_.png


 

Annonser